Dette er 2ST3 ved Byåsen vidaregåande si norskfaglege heimeside. Innhaldet er produsert av elevane i klassen.
Viktige personar i Barokken
Vitskapsmenn
Isaac Newton Isaac Newton (25. desember 1642-20.mars 1726) var ein engelsk matematiker, fysiker, astronom, alkymist, kjemiker, oppfinner og naturfilosof. Han var ein av dei største vitskapsmennene i tidene og matematiker etter å ha gjort ei rekkje store oppdagelser innanfor desse områda. Han var til dømes den første som viste at rørslene til objekt på jorda og objekt i himmelrommet følgjer dei same lovane. Dette viste han gjennom boka «Philosophiæ naturalis principia mathematica». |
|
Galileo Galilei
Galileo var ein italiensk filosof, fysiker og astronom som vert regna som ein sentral skikkelse i den vitskaplege revolusjonen. Han er mest kjent for forbedringer av det astronomiske teleskopet, ei rekkje banebrytende astronomiske observasjonar og støtte til det heliosentriske verdensbildet med sola i sentrum av solsystemet.
|
|
Filosofer
Voltaire
Voltaire, døypt Francois-Marie Arouet (født 21. november 1694, død 30. mai 1778) var ein fransk samfunnskritiker og filosof. Han gjorde seg svært notert under opplysningstiden med sine satiriske dikt og essay på 1700-talet. Med den skarpe intelligensen sin vart han kjent for å vere ein modig talsmann for menneskerettar, religionsfridom og frihandel. Det meste kjende verket hans er "Dictionnaire philosophique". Dette var eit leksikon han skreiv i 1764, 14 år før han døydde. Leksikonet var i utgangspunktet eit allsidig oppslagsverk om alt frå geografi og historie til jus og bibelske evner. Voltaire brukte òg boka til og skrive om eigne meiningar rundt blant anna kyrkje og teologi.