John Donne og John Milton
John Donne:
John Donne var ein barokk-poet frå England. Han blei født i 1572 og døde i 1631. Han var i tillegg til å vere poet, også satirikar, advokat og prest. Han var den mest framtredande av dei metafysiske poetane. Verkane hans omfattar prekner, religiøse dikt, omsetjingar frå latin, epigram, elegiar, songar, sonettar og satirar. Han lét assosiasjonar styre rim og verselinjer, og han brukte overraskande bilete, gjerne frå sin tids oppdagingar og vitskap, noko som var nytt i tilhøve til renessansediktningen. Desse moderne trekka førde til at han fekk eit oppsving under modernismen på 1900-talet, og i dag vert regna John Donne som den største engelske poeten frå tida mellom Shakespeare og Milton. John Milton:
John Milton blei født 9. desember 1608 og døde 8. november 1674. Han var ein engelsk poet, polemiker, ein lærd intellektuell og embetsmann for det engelske samveldet under Oliver Cromwell. Han er mest kjent for sitt episke dikt Det tapte paradis (Paradise Lost). Han skreiv på engelsk, latin og italiensk i ei tid av religiøs spenning og politisk uro. Poesien hans og prosa reflekterte djup overbevisning og adresserte samtidens stridsemne, blant anna Areopagitica, ein lærd avhandling som fordømde sensur av tekster før dei var utgjevne. Miltons verdesyn vart utvikla på bakgrunn av omfattande lesning, reiser og personlege røynsler frå studentdagene på 1620-talet og til den engelske revolusjonen. Som ein av dei første opplysningsfilosofene fekk han stor innverknad over heile Europa, men det var òg mykje strid om han. I ein av samtidenes biografar vart han omtalt som «elska av mange, hata av andre». Milton døydde derimot fattig og som ein marginal figur i England sine intellektuelle liv, men stod til siste fast på dei politiske vala han hadde gjort. |